Dølimillom
Gjennom tidene har det vore mang ei stridigheit mellom ulike dalfører her til
lands. Alle dalers Mor, Gudbrandsdalen har komme sigrande ut av det aller
meste. Sjølv om både Valdres og Halling har bitt frå seg i mangt eit karstykj e,
er det tross alt i Gudbrandsdalen det meste og beste befinn seg. Særlig om du
spør ein Gudbrandsdøl.
Det er på tide å finne ut kva du veit om dei ulike dalføra, kva du kan om dialekt,
tradisjon og væremåte i frå dei tre sentrale dalstrøka innafor. Her blir
kunnskapen satt skikkelig på prøve, og du vil kanskje bli overraska over
likskapar og anna som kjem fram når fasiten skal lesast opp.